Family communication toolkit
A step-by-step guide for families using the Norwayprison system. Everything below is aggregated from public sources; the prison's own official channels are linked where available.
Data is aggregated from public sources and may be incomplete or out of date. Always verify with primary sources before acting on any figure. See data sources.
Address block. Copy and paste into your envelope or shipping label.
Inmate Full Name Hustad fengsel Vest Type enhet: Både høy og lavere sikkerhet Kapasitet: 60 Kjønn: Menn Lytt til teksten Stopp avspilling Kriminalomsorga region vest Hustad fengsel ligg Hustadvika kommune i Møre og Romsdal og er ei eining med høg og lågare sikkerheit. Fengslet vart tatt i bruk 1. januar 2005 og har i dag ein ordinær kapasitet på 60 plassar - 28 plassar på høg sikkerheit og 32 plassar på lågare sikkerheit. Film fra Hustad - både fra avdeling med høy og med lav sikkerhet Informasjon før gjennomføring av straffa Korleis kjem ein seg til fengslet? Frå Molde: Ta av frå E30 til RV64 skilta mot Eide. Fortsett vidare til Elnesvågen (RV633). Ta til høgre rett etter Elnesvågen sentrum, skilta mot Farstad (RV663). Køyr i omtrent 20 minutt, til Farstad sentrum. Ved Coop-butikk på høreside, ta til ventre i kryss skilta mot Bud. Fortsett ca 1 km. Og fengselet ligg på høgre side, tydeleg merka. Frå Kristiansund: Køyr gjennom Atlanterhavstunnellen til averøya. Fortsett over Averøy på RV64 og over Atlanterhavsvegen. Ved Vevang fortsett rett fram langs RV663. Når du kjem til Farstad sentrum (Coop-butikk på venstre side), ta til høgre i kryss skilta mot Bud. . Fortsett ca 1 km. Og fengselet ligg på høgre side, tydeleg merka Offentleg transport: Hustad fengsel kan nås via buss. Sjekk frammr.no eller ring FRAM kundesenter på tlf.: 71 28 01 00 for oppdaterte busstider. Kva MÅ du ha med deg? Du må ha med deg soningsinnkalling og godkjend legitimasjon. Fengselet er kontantløst og vi rår deg til å ta med bankkort for eventuelle nødvendige innkjøp ved framkomst, og dessutan kodebrikke (bank-ID på mobil kan ikkje nyttast i fengsel). Du kan behalde eigne klede under opphaldet, og bør ha med deg både fritidsklede og treningsklede. Kva KAN du ha med deg? Du kan ha med deg toalettartiklar, barberhøvel/barbermaskin, barberkrem/barbersåpe, nagleklippar (ikkje saks) og uopna reiningsutstyr til kontaktlinser. Det er ikkje tillatt med flytande og/eller brannfarlege toalettartiklar. Du kan ha med deg inntil fem pakkar tobakk, ti pakker sigarettar eller ti boksar snus i uopna pakningar. Du kan også ha med deg skrivesaker, inntil fem bøker, blad, bilete, spel, ein kortstokk, ein ring (giftering) og inntil ti originale CD-ar. Det er ikkje tillatt å ta med nokon form for mat, drikke, søtsaker eller liknande. Kva får den innsette levert når han/ho kjem til fengslet? Hygieneartiklar vert utlevert ved behov. Handklede og sengetøy vert ordna av fengslet. Informasjon under gjennomføring av straffa Kva skjer dei fyrste dagane i fengslet? Fengslingsgrunnlaget vert kontrollert med utgangspunkt i godkjend legitimasjon og soningsinnkalling. Den dømde vert vist til mottakingsrommet for registrering av personalia, samt for gjennomføring av kroppsvisitasjon. Medbrakte effektar vert registrerte og gjennomgått, for etter dette å bli fordelt til effektlager eller til rommet. Den dømde vert innkalla til innkomstsamtale med helseavdelinga i løpet av den første veka. Kva kan den innsette kjøpe av varer i fengslet? Kjøp av forbruksvarer vert gjort éin gong i veka. Maksimalt handlebeløp for domfelte er sett til kr 700 pr. veke i lukka avdeling / kr. 1.000,- i opa avdeling. Spesielle retningsliner/rutiner gjeld for innkjøp i dei to avdelingane i fengselet. Kva for mogelegheiter har den innsette for å bruke telefon? Den innsette har høve til å ringe ut i inntil 30 minutt per veke. Innsette må sjølv dekke ringekostnadane. Privattelefonar utanfrå vert ikkje vidareformidla til innsette, og det vert vidare gjort oppmerksam på at telefonsamtalar vert avlytta. Det er ikkje tillate med mobiltelefon i fengslet eller på fengslets område. På avdeling med lågare trykkingsnivå er det tilgjenge til telefonboks (med bruk av telekort). Kva for skuletilbod har fengselet? Romsdal vidaregåande skule har ansvaret for undervisninga ved Hustad fengsel. Skuleavdelinga har 4,5 lærarstillar og lærarane dekkjer alle fag under vidaregåande opplæring, til dømes: engelsk, norsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, kroppsøving, økonomiske fag, IKT og musikk. Praktiske fag innan til dømes mekaniske fag og byggfag lar seg også gjennomføre ved skulen. Kva for tilbod har arbeidsverksemda i fengslet? Dei innsette har tilbod om å arbeide i verkstadene ved fengslet. Her vert det produsert ulike produkt som seinare vert lagt ut for sal. Innsette tar også del i vedlikehald av bygningar og grøntanlegg, i tillegg til at dei tar del i reinhald og arbeid i vaskeriet, kjøkken og andre fellestenester i fengslet. Kva for tilbod for fritida har fengslet? Hustad fengsel arbeider for også å kunne gje den innsette eit tilbod på fritida. Hustad fengsel er i tillegg definert som naturfengsel - og frå tid til annan vert det arrangert turar i den storslåtte naturen fengselet omgir seg med. Anna På avdelinga med høgare sikkerheit er det etablert eit rusmeistringstiltak med 8 plassar, der vi har tilført fagpersonell frå spesialhelsetenesta for å arbeide i fengslet. Desse utgjer eit team saman med tilsette i kriminalomsorga, og møter dagleg dei innsette med tilbod om behandling og oppfylgjing. Informasjon til besøkande Kva prosedyrar gjeld for vitjing til innsette? Vil du ha vitjing av vener eller familie i fengslet, må dei klarerast på førehand. Dei vitjande kan søke om Norway
Country-wide mail rules
Bank transfer to the prison's account; reference the inmate's name.
Book a visit: Kriminalomsorgen visit portal
Online or by phone; children's visit rooms and overnight private family visits available subject to assessment.
Country-wide visiting rules
Important
This toolkit aggregates publicly available guidance. Rules vary by facility and change over time — always confirm with the prison's official contact channels before sending mail, money, or attempting a visit.